Vel vel, kom tilbake til det høge nord i går kveld. Flott ver. Sola skein og 16 grader klokka ni på kvelden. Men i dag er det overskya, vind og ti grader. Varselet framover for Hammerfest er som følgjer: tysdag; ti grader og regn, onsdag; elleve grader og overskya, torsdag; sju grader og regn og fredag; åtte grader og regn. Ja ja. Godt at vi har folk i grannelaget med Simpsons på DVD.
Nuvel, siste del ferien var ikkje så verst. Var ein snartur innom Bergen og tannlegen. Så fór vi til Masfjorden med H og T. Der vart det bading på fleire nivå, fisking og båtkøyring. Til reker og loff vart det skjenkt ein mineralsk riesling på Alsace. Til fiskesuppe var det Muscadet. Det vart også ein runde med Alias, gutane mot jentene. Eg trur det var vi som vann.
Så bar det gjennom vasstrekte austlandsbygder på veg til Arendal. På Tromøya hadde vi fine dagar med litt bading, soling, forefallande utearbeid og avslapping. Eg må hugse å ta med meir lesestoff neste år. På laurdagen tok vi ein tur til Tvedestrand og Bokbyen ved Skagerrak. Fekk kjøpt nokre bøker av Aldous Huxley og eit par bøker om gastronomi.
Eg har skote ca 6 diasfilmar denne sumaren, Fuji Sensia 100 og 400 og ein Velvia 100. Dei som ikkje er redde for bannskap og dårlig ver, kan ta turen nordover til hausten og sjå herligheten framvist frå ein Kodak Carousel.
Vi vann, vi vann!
Ja det var det eg trudde! Ha ha!
Men det var på målstreken! Eg kjem sterkare tilbake når eg ikkje er gravid.