Eg har rydda i boden. Vinterhjul til bil og sykkel får kvile nokre månader til minusgradene kjem att utpå hausten. Skistøvlar og gamasjar hamnar lengst bak. Du og du så mykje.. Eg tek til å rydde ut ein del av tinga fyrst, slik at eg kan sjå korleis eg skal få plassert dei best mogleg. Som vanlig vert det eit nytt «system» kvar gong eg ryddar boden. Kvar gong er eg ganske nøgd med utnyttinga av plassen. Og kvar gong er kona usamd i mine stadig nye løysingar for plassering av skiutstyr, sko, baggar, fiskesaker og alt det andre som samlar seg i der inne. Det hadde vore greit om til dømes ski kunne hengast på veggen som kunst. Eldgamle treski kanskje. Men ikkje eitt par langrennski, to par turski og to par telemarkski. Så stor er ikkje leiligheita vår. Vi skal då ha plass til bokhyller også. Eg ser at dersom du ikkje går på ski eller brukar sykkel, og klarer deg med eit par sko, så vert det straks mindre «rot». Låner du i tillegg alle bøkene du les på biblioteket, har du minka ting og tang-mengda ganske mykje.
Det er ikkje slik at eg oppmodar folk til ikkje å gå på ski eller sykle, men du får i allefall mindre rot rundt deg, om du lar vere.
Legg att eit svar