Sola skin bidreg til at det er litt vårleg her nord i dag. Men temperaturen er nok ikkje høgare enn 5 grader.. 13 mindre enn sørpå. I frå stereoanlegget kjem tonar frå 1994 og Cardigans sitt fyrste album Emmerdale. Vårtonar spela inn i eit år då livet var enkelt og fredeleg. Lillehammer og Noreg hadde arrangert the best Olympics ever, og eg hadde fått ei syster.
Dette er ei posting som hyllar den svenske musikken og då representert ved tre band. Vi starta i Jönkjöping og med Cardigans som har to svært fine og lette, nærast naive plater med dei fyrste CD-ane Emmerdale frå 1994 og Life frå 1995. Ein vinøs metafor for denne musikken kan vel vere ein Riesling frå Mosel, til dømes frå Karthaüserhof. Cardigans sine plater er også ein raud tråd i boka Buzz Aldrin hvor ble det av deg i alt mylderet, av Johan Harstad.
Tonane til folkrock-bandet Dungen med Gustav Ejstes i spissen tek deg med til dei svenske skogane, kanskje nord-Sverige. Forfattar Torgny Lindgren har ei rekkje fine bøker frå eit mytisk nord-Sverige i grenseland mellom fakta og fiksjon. Les gjerne den festlege Hakkepølsa frå 2003. Dungen har akkurat sleppt nytt album. Tio bitar får femmarar og gode ord frå Dagbladet, Adressavisen og NrkP3. Høyr to av låtane på www.dungen-music.com.
Lengst sør i Sverige finn vi Skåne, og rockebandet bob hund som syng på skånsk dialekt. Dette har ikkje hindra dei i å ha relativt stor suksess både innanlands og internasjonalt. Deira fyrste album kom i 1993 og det sjette og førebels siste kom i 2002. Dei har også gjeve ut to album på engelsk under namnet Bergman Rock. Finfin indierock for fredagskveldar og forschpiel.
Legg att eit svar