Det har vore litt sparsamt med innlegg her på sida i det siste. Vel, det får vi gjere noko med.
Eg har vore ein tur i Tigerstaden og der var det mykje godsaker. Ai ai ai ai! Det vart også hektiske møter med slekt og vener, mest på kafé, så magen vart veldig rar av all kaffien.. Eg fekk smakt i alt 7 ulike vinar, og kan nemne ein Cornas 1996 frå A. Clape, Quart de Chaume 2000, Baumard og Gevrey-Chambertin Clos Prieur 2001 frå Rion, som dei tre beste. Saman med gode vener vart det tre retter på Klosteret på laurdagen, etterfølgd av ein forrykande konsert med dei trønderske ska-rockarane Hopalong Knut på Rockefeller. Dei hadde faktisk også med seg Gatas Parlament på eit par songar.
Det vart handla eit par sko, eg fekk endeleg tak i sherry-eddik og det var fine frukost-til-lunsj-diskusjonar om til dømes sjølvberging, nynorsk, det vestlandske, ibsen og franske jordbruksprodukt sine fortreffeligheiter.
Jeg skriver med glede under på mye av det der… 🙂 Håper alt er vel der oppe i høye nord!