Til jul fekk eg Ragnar Hovland si siste bok 1964. Romjula var så tettpakka at eg ikkje fekk lese ho før januar og eit nytt år kome. Litt skuffande kanskje, men ein del underfundig og Hovlandsk moro.
Til bursdagen var eg så heldig å få Mat og måltid av Henry Notaker. Dette er ei bok om matvaner og norske matrettar si historie i hovudsak frå 1800-talet til 1900. Bjørn Gabrielsen har budd eitt år i ei enkel hytte i Nordmarka, og slikt blir det bok av. Ho heiter Veien ut, og er vel verd å lese. I tillegg til logistikk for folk som nyttar sykkel og hundeslede som transportmiddel, handlar ho om vårt aukande forbruk og behov for kraft og bensin.
Eg har på den litt lettare fronten gjort unna dei to siste bøkene til Alexander McCall Smith om detektiv Mma Ramotswe i Gaborone. Skrivemaskinkurs for menn er bok nummer fire i serien,
og Livets godteskap er nummer fem. Festlige og lune bøker.
Bokoppsumering II
februar 6, 2007 av Håvard Flatland
Eg har prøvd meg på 1964 lenge, men no gir eg opp. Eg er skikkelig skuffa.
Nei, den var kanskje ikkje heilt top notch..