Jadda! Det er den store dagen. Eg vert faktisk 28 år. Andre kjendisar som er fødd same dag: Hermann Göring, Ray Manzarek, Gunde Svan, Haruki Murakami, Vendela Thommesen, Cato Zahl Pedersen og Jack London.
I 1833 døyr Marie Antoine Câreme, verdas fyrste kjendiskokk, og i 1915 vert det ein nasjonalpark i Rocky Mountain. I 1969 gav Led Zeppelin ut sitt debutalbum, og i 1991 startar Golfkrigen.
Eg satsar på ei lita samkome i Rypefjord med vener. Kva Murakami skal, det veit eg ikkje.
Ikkje at eg skal kome med ei lengre utgreiing her, men det har vel aldri vore meir passande å komme drassande med eit literært sitat enn nett no. Ofte er det jo slik at forfattarane kan brukast til å setje ord på det som vi sjølv har vanskeleg for å verbalisere, i samband med din bursdag er det fleire kjende sitat som «rinner mig i hu» (Ibsen), men eg synes nok Hamsun er den som best klarar å fange det eg vil uttrykke, la meg difor berre få komme med dette Hamsun-sitatet: «Gratulerer med dagen».
Hyggjeleg at du skulle trekke fram Hamsun. Eg får seie som Churchill då: «Jau takk».
Gratulerer med dagen, og velkomen attende på lenkelista som du så ufortent vart utestengd frå!
Gratulerer med dagen, gamle unge mann! Har feira dagen din med ein Crozes Hermitage, men håpar å finne enda betre vin i Paris til veka. Arild satsar stadig på ei høgkulturell linje i det nye året. Som eit lite varsku frå ein lyrikklesande nynorskmann, ei lite aforisme frå Olav H. : Den som les mykje, vert som eit gamalt såld, blindt og tett – med tidi. Men nok om vår ven psykologen. Sender mine beste ønskje til deg på dagen din!
Grattis med dei fyrste 28, dei neste kan bli verre!
30-års-krisa er milevidt unna, og til gjengjeld er ho svært oppskrytt.
Takk takk Olaug! Hyggjeleg for ein Stor-Skoddeheimar å verta teken inn att i varmen av ein Skoddeheimar.
Eg var svært nær å sende fødselsdagshelsing som «admin» – så kunne du framstått som eit skikkeleg dobbelmenneske. Eg fann ut korleis eg skule unngå det, så lat det vere trøystefulle ord i si slik stund: I år er eg nett dobbelt så gamal som deg, og kan framleis finne ut nye ting på data! Tillukke med dei neste 28!
Besthels Øyvind
Nullarar og einarar
Indien: Bilete teke av Gisle
Oppdateringar:
Bror min har endeleg teke til vetet (nuvel) og lasta opp nokre bilete frå si halvårsreise på flickr (lysbileteframsyning), i tillegg tek han bilete av seg sjølv, kvar dag. Hedda bloggar frå Danmark og r…
Oh la la! 8 kommentarar på ei posting! Men så er det jo bursdag då. Vonar på like god respons utover i 2007.
grattis med dagen Håvard. Tror jeg glemte å sende sånn SMS… Håper du hadde en fin dag, og så Gunde Swan da! Konge