Her i det kalde og vindige nord er det ikkje særlig lurt å ha noko glipe mellom buksa og overdel. Difor går eg helst med t-skjorter som er så lange at dei overlappar, det vil seie at eg kan stappe ho ned i buksa. I mi samling av t-skjorter er det ein del som berre er i bruk om sommaren, dei er litt meir fargerike, kroppsnære og kortare enn vintert-skjortene. Eg oppdaga ganske fort at eg hadde litt for få vintert-skjorter. Dei eg brukar for tida er:
– ei blå utvaska Peak-t-skjorte som eg fekk brukt av Kenneth for nokre år sidan,
– ei kvit frå Gerswin Hotell i New York. (Dersom du nokonsinne har tenkt deg til New York kan eg tilrå dette «indi-hotellet» på det aller sterkaste.)
– ei kvit med spansk tekst frå ein aids-kampansje i år 2000,
– ei svært utvaska grå Rocky-t-skjorte. (Rocky som i H&M sin ungdomskolleksjon.)
– ei brun ei frå Kjeringi Open 2003,
– ei kvit med logoen til Norrøna på rygg og bryst,
– ei raud med stretch som opprinneleg var tenkt som sommar-t-skjorte
Dersom det er spørsmål vedrørande kleskåpet mitt eller innhaldet, kan dei stillast på e-post.
Har du gløymt Beatles-skjorta, innkjøpt i Liverpool på ettersumaren 1997 (på The Beatles Exhibition)?
Beatles-skjorta (lilla med gul skrift og logo på venstre sida av brystet) er ei piké/tennis-skjorte og høyrer til sommargarderoben. Eg trur den ligg i Bergen.
Visste ikkje at T-skjorte-bransjen opererte med eigen vinter-kolleksjon. Sjølv satsar eg på heilårsskjorter. Det verste eg har oppdaga med gamle, utvaska T-skjorter er at dei har ein tendens til å gnaga på skinnet. Dessutan er ikkje lukta den beste…….