Ettersom dei no er i ferd med å trappe ned bemanninga på Melkøya er det rev som er den dominerande livsformen her i byen. Det er stadige samanstøyt med revar og det er berre så vidt vi ikkje har køyrd på nokre med bil eller sykkel. Ein tidleg morgon vart eg vekt av ein rev som stod utanfor huset og bjeffa. På Meland står det ofte ein rev saman med Melkøyarbeidarane. Eg veit ikkje om han har teke sikkerhetskurset eller om han er tilsett av Aker eller Tractebel. Uansett, her kjem ein faktaboks om raudreven.
Raudrev eller Vulpes vulpes på latin finnst i store delar av Nord-Amerika, Eurasia og i Australia. Han er mellom 58 og 80 cm lang og veg mellom 5 og 15 kg. Maten er fuglar, insekt, små pattedyr, egg, gnagarar, frukt, bær og matavfall. Tispa er drektig i 51 til 53 dagar og får i gjennomsnitt 5 ungar. På slutten av 1800-talet og byrjinga 1900-talet var det populært med revepels som statussymbol og det vart vanlig med oppdrett av rev. Reven kan få skabb, som er ein midd som borar seg inn i huda og legg egg. Det vert kløe og reven mistar pels. Etter 3 til 4 månader døyr som regel reven av utmagring, infeksjonar eller uttørring.
Vert det ein Vulpes vulpes-pels under juletreet i år, tru?
Ã…nei! Ingen lurer reven. Eller for å ta palindrom-versjonen; reven:never!