Ja, aleine heime og litt keisamt. Så kvifor ikkje freshe opp dagen med ein drink? Ok, eg kan kome på ein del grunnar til å halde seg unna alkohol midt i veka, men no set vi i gang. Eg tenkte at det må gå an å lage ein drink av det som fint i huset. Eg søkte då litt på nettet etter oppskrifter på drinkar. Det eg hadde i hus som kunne bli til ein drink var; vodka, rom, cointreau, noilly prat, sukker, salt, appelsinjus, sitron og lime. Det var ikkje så lett å finne noko men lagnadens ironi ville det slik at eg hamna på drinken Kamikaze. Den vart konsumert ein gong i sommar etter eit betre måltid Voss. Ikkje alle var samde om at det var ein fortreffeleg drink. He he..
Oppskrift:
2 cl cointreau
1 cl sitronsaft
4 cl vodka
Rist med is og server i cocktailglas. Garner med limeskive.
Eg hadde ikkje is.. så eg sette glaset i kjøleskåpet. Dette er ein drink med relativt mykje alkohol så den treng nok å serverast kald for å bli frisk nok.
Følg med: Kva vert neste crazy påfunn på denne bloggen? Krimnovelle? Ein biletserie frå sumaren 2006? Eit innlegg om hagedrift? Den som har lever får sjå.
* Grunnen til at «drink» er skrive i gåseteikn er ikkje at dette ikkje er ein ekte drink, men at eg er litt framand med konseptet drink og difor har ein ironisk distanse til heile prosjektet.
Ser fram til innlegget om hagedrift.
– og eg som hadde vona at gåseteiknet var alvorleg meint!!