Just som man tror allt har ordnat sig, vill man vara gladare
Frå Dur och moll omvarannat, Bob Hund II, 1994
Eg har som nokre har fått med seg, byrja i ny jobb. Som kokk på kantina på administrasjonsbygget på Melkøya, for tida drive av Serveringspartner. Det er fint og det vert ikkje spart på så veldig mykje. Men rikdomen har sin grunn og sin pris. Det heile er basert på fossile brennstoff eller produktet LNG som «gullet» heiter her i byen. Og det er også bygd eit gasskraftverk i tilknytning til fabrikken for forsyne han med kraft. På same tid er også den raudgrøne regjeringa i hardt ver på grunn av eit gasskraftverk som ikkje får CO2-reinsing før etter minst fire års drift. Dette var jo ikkje heilt etter Soria Moria-planen. Det er altså fleire som er ute på tynn is i høve til dei etiske og programfesta meiningane om miljøvern.
Eg veit ikkje korleis SV må betale for sine kompromis, men eg så på min siste lønslipp at lønskontoret hadde trekt skatt av feriepengane mine.
Det gler ein far å sjå at opphavet har etisk refleksjon, m.a. knytt til miljøspørsmål.