I dag feirar dei kanelbullens dag i vårt naboland Sverige. Dette har pågått sidan 1999 og det var Kaeth Gardestedt og Hembakningsrådet som tok initiativet. Dagen står vistnok nemd i fleire almanakkar men har førebels ikkje spreidd seg utanfor Sveriges grenser. Vi her i heimen gjer vårt beste for at denne dagen også skal få fotfeste i Noreg. Kona har no sett ein deig for at vi skal få oss kanelknutar til kveldsmat. Denne postinga kom kanskje litt for seint til at de lesarar får sett i gong med bakinga, men de kan i allefall skrive det opp i almanakken slik at de hugsar det til neste år.
Det er visst litt språksprid omkring bullen, men det skal visst vere kanelbulle på rikssvenska, sjølv om bakverket også går under namnet kanelsnäcka og kanelsnurror. Nokre er kanskje kjend med det halvtørre bakverket kanelgiflar, som er å få kjøpt i butikkar i Noreg. Eg veit ikkje om dette er utanfor kategorien eller om det går an å bake giflar og framleis halde dagen heilag. Dette får eg finne ut til ein annan gong. Eg kjenner nokre svenskar som kanskje veit svaret.
Eg åt kanelbulle i går. To. Det var stor stas. Trur dei aller fleste andre i det landet her gjorde det. Rett og slett ein bra dag!
Me åt kanelbolle i Telefonhuset, Masfjorden. Mors heimelaga, steikte i nyerverva steikjeomn. Second-hand komfyr med tre plater (Elektra) til den nette pris av 300 kroner! Fleire enn eg kan vitna at dei var fullt på høgde med Tofte-bollane frå 80-talet: Frode, Guro, Einar, Solbjørg.
Fullt på høgde med Tofte-bollane ™ ? Nei, det trur eg faktisk ikkje! Der er det ingen over eller i nærleiken. Slik som eg hugsar det då.