I helga skulle eg endeleg få stige i land på Noreg si tredje største øy, Sørøya, den nordligaste delen av Hammerfest kommune. Kona og eg pakka ned klede og mat for ei helg og Gunnhild og Bjørnar kom like godt budd frå Alta. Frå Akkarfjord gjekk vi mot vest og gjennom Eidet til Storsanden, ei riktig så fin strand i Finnvika. Teltpluggar og bardunar vart slått ned ved Finnvikvatnet og neste dag kunne vi springe ned Sandfjellet på veg mot Gamvikvatnet der vi hadde tenkt å telte. Vi tok så turen til om Vassviknæringen til Kjøttvikvarden heilt på nordspissen av øya. Der fekk vi skrive oss i bok og karane gjekk attende til Gamvikvatnet for å fiske medan kvinnene sanka bær. Vi hadde mykje forskjellig vêr, men mest fint. På sundagen starta jakta og nokre vakna av ivrige jægarar som var ute med hagla klokka halv fire på morgonkvisten.
Det vart frå mi side skote med Nikon og Provia 100, så dersom eg får skanna litt så vert det vel bilete frå turen etterkvart.
Ja, du er nok på den sikraste sida for å treffa når du held deg til sovore utstyr! Mindre blod og gørr, og så slepp du flåinga. Jaktlisens slepp du billig frå, også.