Så var eg attende i Rypefjord. Elleve grader og overskya.
Men sumaren sørpå var fin. Mykje bading i Førde. Litt rart å vere i Førde. Eg har ikkje budd der sidan 1997, og seinare har eg ikkje vore så mykje attende, berre i jula og ein kort tur om sumaren. Førde er ganske unik i sin kraftige vekst av kjøpesenter. Sist eg var heime stod Handelshuset 2 ferdig. Hm, ferdig og ferdig. Følg med i Firda og NRK Sogn og Fjordane for neste akt i «Farsen om Skywalken» med Smarte Løysingar og Noble Motiv i to av rollene. No er det også eit nytt kompleks under byggjing på Øyrane ute ved båthamna. Ryktene går også om eit senter på Kronborg. Det er berre å ringje etter forbrukslån.
I Masfjorden vart det bading og litt fisking frå båt og frå Storeskjæret. Fekk litt småmakrell som vi (sorry onkel Harald) kasta uti att. Vi er vel litt godt vande frå Finnmark.
Vi fekk bada litt på Askøy hjå Karianne og Christian som har flytta sørover etter eit år i Fjord’n.
Etter eit par dagar i Bergen sette fire karar kursen for Voss og den årlege mat- og vinturen til http://www.vinpressa.no. Les meir om dette på nemde nettside.
I Oslo var det Øya-festivalen som var hovudattraksjon. Dei beste konsertane var !!!, Morissey og Motorpsycho, med Marit Larsen som eit fint innslag av hestejazz mellom all rocken. Datarock hadde ein moro konsert som vart avslutta med «The time of my life» og euforisk dans blant publikum.
I mellom all musikken fekk eg med meg eit besøk på ein tapas-restaurant der ein svært lågmælt svenske serverte scampi og sherry. Kan ta med ein liten ironisk tvist – tapas kjem frå verbet taper – å dekkje. Ei brødskive eller pølsebit (dei lærde strides) vart lagd oppå sherryglaset for å hindre at fluger og liknande skulle kome oppi glaset. Kva skjer så med Manzanillaen min? Jau, eg oppdagar ei lita fluge som ligg og sym.
Det vart også fyllt opp med emulsjon frå Lømorks Foto og handla litt vin frå det gode utvalet på Briskebypolet.
Flyet til Tromsø var litt forsinka, og eg fekk lese ut «Modellen» av Lars Saabye Christensen. God bok. Måtte ty til kriseløysing på Tromsø lufthamn, Langnes, då eg måtte vente om lag fire timar på neste fly til Hammerfest. Kjøpte nyhendemagasinet MEMO, og likte det ikkje noko særleg.
Legg att eit svar