Vestfinnmark ein fredagskveld seint i juli: 8,6 grader, duskregn og lett bris. Eg er innandørs og kosar meg med litt raudvin frå Frankrike, ein Chambolle-Musigny 2003 frå Jacques-Frédéric Mugnier. Kva er det slags vin, tenkjer du kanskje? Vel, hadde eg skrive at eg sat og kosa meg med ein pizza Grandiosa, hadde det ikkje vore naudsynt med så mykje forklaring. Då hadde dei fleste visst at det dreia seg om eit produkt med aner frå Italia som ein finn i frysedisken, at den veg om lag 580 gram, er produsert på Stranda og at den vanlege varianten har tomatsaus, skinke, ost og paprika og at det tek om lag tolv minutt å steikje pizzaen ved 225 grader. Denne vinen derimot..
Eg trur vi må ta ein faktaboks.
Faktaboks.
Vi er i Frankrike, i vindistriktet Bourgogne som ligg mellom Dijon i nord og Lyon i sør. I det beste området (Côte d`Or) er det eit svært detaljert appelasjonssystem. Det er mange vinkommunar som ligg på rekkje i ein lang slak skråning. Innanfor kvar kommune er det mange namngjevne vinmarker, og desse kan i større eller mindre grad setjast på etiketten. Det er avgrensa kor stort utbytte det er lov å ha per hekar vinmark. Men her er det rom for grine seg til litt ekstra. (Ein «regel» kalla PLC. Dette kan eg prøve å svare på munnleg, om du treff meg ein dag og lurer.)
Vinen Chambolle-Musigny 2003 kjem frå kommunen med same namn og er altså ein kommunevin. Druene kan då kome frå kvar som helst innanfor appelasjonsgrensene. Druesorten er Pinot Noir. Mugnier produserer årleg 3-7000 flasker av denne vinen. Druene kjem frå vinmarkene Les Plantes og La Combe d`Orveau. Han eig i alt 4 hektar vinmark og samla årsproduksjon er om lag 15000 flasker. For smaksnotat sjå vinpressa.no.
Ganske dyr vin, men til samanlikning kan eg nemne at eg kjøpte ein fargepatron til blekkskrivaren vår i dag. Literpris på innhaldet: 21176 kroner..
Legg att eit svar