Jau, ryktene er sanne! Eg prøver å samle til skjegg. Som dei som kjenner meg sikkert skjønar, vert dette ei langdryg afære. Det veks seint og ujamnt. Ikkje er det så tett heller. Men eg har halde på no i godt og vel to veker, og har ikkje tenkt å gje meg med det fyrste. Følg med i den spanande følgjetongen om Håvard og skjegget.
I morgon: dei fyrste bileta! Papp pa pa pa pa paaaaaaaaaa!
Hoi! Interessant! Det er ei tid sidan eg prøvde sjølv, men eg minnest ei intens kløing. Har du erfart slikt?
Framleis ingen kløe! Men det stikk litt, seier kona..
Ja, her er eg – du ropte på meg (- viss det er det det heiter på blogg-dialekt)?
Er det eit naudrop om hjelp? I så fall kan eg stadfesta at kløe ikkje er så uvanleg i slike høve, likeeins har det ein tendens til å samla seg matrestar, støv og lort m.m. Så det har sin pris.