Fyrst til Ingeborg om du les dette i Oslo/utlandet: Hopp Caroline, hopp!
Så ser det endeleg ut til at eg har lukkast i å skaffe meg eit Cosina CX-2, mora til Lomo LC-A, og med motor og greier! Eg vonar det fungerer, det er kjøpt på fransk ebay frå ein kar i Barcelona..
Eh.. du skulle ikkje heller kjøpt deg eit digitalt spegelrefleks?
Hmm.. nei.
Følg med, det er ting i posten frå Morgan Sparks!
Jau, du skulle nok det! Digitalt er tingen, meiner no eg. Men så har vel ikkje eg så velutvikla nostalgi på området som du……………..
CX-2 allereie? Gratulerer! Hadde eg ein finger med i spelet når du oppdaga CX-2 sin eksistens ein gong seint på nittitalet, eller hugsar eg småfeil?
Etter røffli fjorten tusen digitale bilete kan eg med handa på utløysaren seie at det ikkje er så dumt. Du kan få eit brukt DSLR for ein rimeleg penge no, ein treng ikkje mange objektiv heller (eg har berre tre).
Jau A, du trekte nok i nokre trådar med pølsefingrane dine, men det var nok ikkje på nittitalet men midt på 2000-talet.
Når det gjeld DSLR-er eg einig med Arild. Elles kan eg meddele den sjokkerande meldinga at eg berre har eit objektiv…og klarte meg fint på ferietur.