Ja no er gamlingane og søster Guro i Italia og kosar seg med bading og pizza på piazzaen. Broder Frode kom for ikkje lengje sidan attende frå Europaturné med bandet sitt Ungdomskulen og Datarock og dei var innom til dømes Amsterdam, Gent, Køln, Paris, Schaffhausen, Zurich, Wuerzburg, Berlin, Glascow og London.
Eg sit i Hammerfest og ventar på vin frå Volnay.. Bitter? Nei, fruktig og middels fyldig vil eg tru, med 98-årgangens fine tanniner.
Ja, så sanneleg: mange piazzaer vart besøkte, og ein del pizza vart sette til livs.
Rimini: Europas lengste samanhengjande kommersielle badestrand (50 km), 1146 hotell etter førebels siste oppteljing, 80.000 strandstolar.
MEN: me var der i lågsesongen, som betyr god plass, passeleg temp., relativt overkomeleg pris.
Venezia: gamal perle av ein by som flyt i havet, bygd på pålar for fleire hundre år sidan, med ein stor kanal (Canal Grande) som snor seg gjennom byen og bind saman dei ulike delane, ferdselsåre for gondolar og vaporettaer, null bilar i gatene, Markusplassen og ei storslått Domkyrkje vegg i vegg med Doge-palasset, mengder av duer, marionettar m.m.m.
San Marino: lilleputtstat på ein fjelltopp, verdens eldste og minste republikk midt inni eit anna land.
O sole mio! La dolce vita!
Høyrer slett ikkje så verst ut å være deg heller, syns eg då.
Tja, eg har det fint eg. Er godt gift veit du. 🙂