Påska er for somme tid til å lese. Eg skal arbeide dei fleste dagane, men innimellom skal eg lese i ei bok eg kjøpte på amazon; ein biografi om Marie Antoine Carême, den fyrste kjendiskokken i verda. Omslaget er frå kjøkenet i The Royal Pavilion i Brighton, ein stad eg faktisk har vore, 189 år etter at Carême kokte for prinsen av Wales, Georg IV.
Dersom eg vert ferdig med den, har eg tenkt å lese Marita Liabø sin nye roman Under brua.
Jaudå, har lese ut biografien og er godt gong under brua. 15.04.06 kl: 1755
«Appelsinpiken» av Jostein Gaarder: ei lita lefse, fin kjærleikshistorie, litt labyrintisk (typisk Gaarder!), ein dash filosofi (også typisk G.)
Vel verd å lesa!
ok, vi får sjå far. men eg har ein del andre i bunken også.. no går det i gastronomisk historie den slags. notaker, carême, dege osb. har også kjøpt brillat-savarin sin smakens fysiologi på engelsk til ein billeg penge.
«Betre børi du ber «kje i bakken enn mannevit mykje», heiter det som kjent i Haavamaal (- eller var det Haavard-maal?)
Imponert over di leseinteresse, ditt mannevit aukar monaleg………………