Veret har vore ein del dårlig i vinter og difor har det vorte ein del inneaktivitet. Mellom anna lesing. Desse bøkene har eg lese i år, og nokre av dei var så gode at andre truleg ikkje vil ta skade av å lese dei. Den uendelige historie II av Michael Ende. Tyl av Finn Tokvam og Halvor Folgerø. Ut og stjæle hester av Per Petterson. Ein fin bok som eg kan tilrå andre. Doppler og Volvo Lastvagnar av Erlend Loe. Svært lettlesne, men underhaldande bøker. Trynefaktoren av Torgrim Eggen. Eg hadde lyst å lese ei skjønnlitterær bok av denne mat- og vinglade skribenten. Litt manglande driv i boka, men ganske underhaldande om «Norges» politiske elite og maktkamp. Gymnaslærer Pedersens beretning om den politiske vekkelse som har hjemsøkt vårt land av Dag Solstad. Lærerikt om 70-åra og AKP(ml). Vonar filmen kjem hit til Hammerfest om ikkje lenge..
Archive for mars 2006
Bokoppsummering
Posted in Bøker on mars 6, 2006| 1 Comment »
Min fyrste skitur
Posted in Tant og fjas on mars 5, 2006| 2 Comments »
Kona hadde alt vore i lysløypa på Prærien fleire gonger, så i går var det på tide at eg vart med. Nydeleg ver og føre for blått under skia.
Etter dette fór eg på jobb for å svette over grytene..