I går var det klart for ein skitur i skiftande ver. Målet var Rundvannshytta. Vi smurde med lilla og hadde ok feste og dårleg gli. Vi fylte opp bilen med Anette, Elisabeth og Katrine og nådde fram etter to timar i skuterspor og motvind. Vi hadde ikkje med kamera på denne turen, så de får berre ta desse orda for at vi var på tur.
I dag fekk vi med oss Anette som fyrst gjekk frå byen. Så bar det opp Fjordadalen mot Montenegrohytta. Det var eit nydeleg ver og vi hugsa kamera.
Fjordadalen i finver med Tyven i bakgrunnen.
Ingeborg og Anette slit seg opp bakkane.
Seiland i bakgrunnen.
Langt der framme ser vi målet.
Vi kom oss heim att og åt Ingeborg sin favorittrett frå barndomen, kineserbiks, til middag. Ring for oppskrift. Så avrunda vi kvelden med Tony Soprano, kanelknutar og eit glas Bourgogne Rouge 2004.
Flotte fotos, Håvard, eg får nesten lyst å spenne på meg skia.
Apropos smøring og gli, så hadde BT ein interessant artikkel for nokre veker sidan: http://www.bt.no/lokalt/bergen/article247152.ece. For ein novise som meg er dette rakettvitskap.
Kva er eigentleg «biks»?
Biks? Hakkje peiling! Men det er visst ein rett med lange tradisjonar i Berge-slekta.
– for ein natur, og for nokre løyper! Berre 2 skiturar på meg så langt i år (Langeland), det neste blir vel rundt hytta på Beitahaugen i påska.
Kineserbiks??? jepp – høres eksotisk ut – gi meg oppskriften! Takk for en finfin tur til montenegro 😉