Når ein er i butikken for å handle har ein ofte eit val mellom ulike merker, kvalitetar eller typar. Mange har sine favorittar og handlar alltid Stabburet sin leverpostei, sjølv om det kanskje er tilbod på eit anna merke. Nokre har falle for den nye idéen tubesyltetøy, og bryr seg ikkje om det er Lerum, Nora, Eldorado, Røra eller andre som har kokt det i hop.
I avdelinga for frukt og grønsaker har ein sjeldan dei store vala. Sjølv i velassorterte butikkar har dei berre ein sort mango og han er til dømes frå Brasil. Det finnst kanskje raude og grøne epler og om hausten kan ein velje mellom fleire ulike sortar norske epler i tilleg til ein type utanlandsk.
Men i går stod eg ovanfor eit val som trekte grønsaksdisken med i dei store verdsproblema.
Eg var på Mega i Hammerfest og skulle handle inn til bursdagsfest til kona. Vi hadde bede nokre vener og hadde tenkt å diske opp med litt tapas. Ein enkel «rett» å lage er dadlar som ein legg bacon rundt og steikjer fort i panne. Søtt og salt. Val av bacon, fall på Coop sitt eige merke. Så var det dadlar. Eg tenkte at dei hadde vel berre ein type, så det var vel greit. Men der i Megabutikken i Hammerfest kunne, eller skal eg seie måtte ein velje mellom dadlar frå Israel og Iran. Desse landa er diverre belemra med styresmakter som gjer at mange tenkjer på krig, konfikt og deira innan- og utanriksproblem, heller enn kvaliteten på landbruksprodukta. Det vert også eit val mellom islam og jødedomen og mellom arabarar og jødar. Sjølv om det sjølvsagt ikkje berre bur jødar i Israel og ikkje alle i Iran er muslimar, er det lett å sjå desse religiøse fiendane i det prosaiske valet av frukt.
I denne globaliserte tida etter den kalde krigen er det ikkje lenger slik at dersom ein kjøper ein Lada, vert ein oppfatta som kommunist og tilhengjar av «austblokka». No er jo dessutan det meste ein kjøper produsert i Kina..
Tapasen fall i smak, men eg nemnde ikkje at dadlane kom frå eit land som blanda religion og politikk og hadde eit eskalerande atomprogram..
Likesæl og tanketom er ikkje akkurat dei fyrste orda som fell meg inn når eg skal karakterisere deg, korkje som konsument eller personlegdom slik i det store og heile…….