Det er med stor skuffelse eg ser på vermeldinga på NRK at det ikkje er noko sterk storm eller orkanstyrke i meldingane for Vest-Finnmark. (Ã…, hadde vi hatt TV2!) Det er riktignok kaldt ute og det blæs vel liten storm konstant, men dei store farene ser ut til å fare utanfor våre farvatn. Vi får bekymra tekstmeldingar frå familie og vener sørpå, men vi har framleis straum og her nede i vår kjellarleiligheit er det ikkje så mykje som kan skje, for vinden tek på andre sida av huset. Bilen er framleis like heil. Hadde vinden kome rett vestfrå hadde det kanskje gått ei rute, men han ser ut til å halde fram med å puste frå sør. I dag hadde eg fri og Ingeborg kjem seg ikkje på arbeid for ferja går ikkje. Vi tenkte at vi då kunne unne oss ein finfin fiskemiddag med litt Chablis 1. cru Montmain 1998 frå Caves Duplessis.
Vi fekk også innvia dei nye Chablisglasa frå Riedel. Funka fint dei!
3 kilos kveite til venstre, mi kveite til høgre..
Ingeborg hadde fått kjøpt ei trekilos kveita av han Edvin, og det vart til posjert kveitefilet med raud smørsaus, blomkålpuré og gulrot allumettes. Etter middag vart det dei siste episodane på Sopranos-DVDen.
-og eg ser i bakgrunnen av biletet at sykkelen er like heil.