Etter to månader med jul, kjem januar som ein tung bakrus med vekeblad fulle av slankestoff og uoverkommelege nyttårsforsett. For venstrefolk og andre måtehaldne menneske er ikkje dette noko tema, og me kan ture fram som me pleier.
Januar ber også med seg noko å gle seg til; nemleg nye katalogar. Eg innrømer at eg i dag før arbeid var ein tur på polet og fekk meg den nye bestillingslista. Sjølv om det er ei stund sida eg sist kjøpte noko lego, ventar eg kvart år i spaning på den nye legokatalogen. Røynsle seier meg diverre at han truleg ikkje kjem før uti februar. Andre katalogar eg (tidlegare) venta på er; Cannondale-katalogen, Abu-Garcia og DBS.
Dersom du no vart rett så nostalgisk og går ein tur på loftet for å finne fram dei gamle legoklossane, kan du finne tidlegare Lego-katalogar på www.brickshelf.com.
Hei og hå! Faktisk sat eg i fleire timar å sorterte mine (Ikkje utelukkande, då og bror og syster eig ein del klossar) gamle legoklossar i jula. Det synte seg raskt at kjøyrety nok har vore den mest populære legotingen, for posen med hjul i alle ulike storleikar og typar voks raskare enn både tak-klossar og vanlege klossar. Ei enorm mengde hjul i alle fall, og dertilhøyrande ratt, stolar, lysklossar, dører osv… Elles var det særs kjekt å finne dei riktig gamle legoklossane, dei gamle politimennene, dei gamle blomstrane (slike tredelte grøne blomstrar med små blomsterhovud i ulike fargar) og elles anna som fekk gamle minne til å blomstre. Tydeleg var det og at gult må ha vore den dominerande fargen på hus og klossar på 80 talet for eg trur at omlag 25 av alle vanlege klossar var nettop gule. jaja…kjekt var det i alle høve!
Ja vi har også ein god del gule klossar og masser av hjul og bilrekvisita! I tilleg til køyretøy var det romfart og borg som var mest populært i den Flatlandske heim. Før Technic ™ tok over..
Ja dette settet viser jo kor sorglaust livet var for oss som var små. Posten er ein velfungerande etat som leverer posten til lik pris i heile landet og som ikkje er driven som ei beinhard konkurranseutsett bedrift. Ikkje visste me noko serleg om krakk, høg rente og økonomiske problem som våre foreldre måtte ha.
Einaste måtte vere at vi kanskje ikkje fekk så mykje Lego..