Det er gått ti år sidan vi gjekk ut frå niårig grunnskule. No skulle vi møtast att. På Tresken. Det kunne bli klamt. Det kunne bli stygt. Tjønnelanden og Tor Erik kom med fin promille og store ord. Andre var edru eller sleit med smalltalken. Fantastiske Grethe hadde sjølvsagt organisert og fiksa. Og Geiren hadde vakse om lag ein meter på ti år. I høgda. Andre hadde lagt seg ut i breidda. Nokre var alt tynne i håret. Slik går det.
Men stemninga var fin i klassen. Karstein hadde teke med litt videoklypp frå ymse underhaldningsinslag frå avsluttningar på barneskulen. Den levande skogen. Julespel. Skomakaren. Lærar Inghild kunne fortelje at ho med dårleg samvit «fiksa» loddtrekkinga om huvudrolla slik at eg fekk ho.
Den obligatoriske presentasjonen av kva kvar einskild hadde gjort dei siste ti åra viste ikkje dei store overraskingane. Ein del jenter hadde hamna i tradisjonelle kvinneyrker og dei eg hadde mest trua på hadde førebels vorte journalistar. Og Hedda var vorte forskar. Ein del av gutane var i Trondheim og dreiv med «elektronikk». Nokre hadde visste hatt seg «eit år ute i Dale», der dei etter det eg forstod ikkje hadde drive med så mykje vettugt. Elles var det sjukepleiarar, bilmekanikarar, evige studentar og nokre selde såpe.
Min «gjeng» er ganske spreidd utover verda. Geir spelar volleyball i Hellas, Andreas spelar volleyball i Førde. Håkon er godt utdanna i Australia og truleg på veg til jobb i USA, medan eg er berre kokk i Hammerfest..
.. og slik går no dagane for alle og einkvar.
(Ein kveld som denne må vere det ultimate for ein vestlandsk gonzo-journalist/gonzo-sogeskrivar!)
Legg att eit svar