«If you can’t be with the one you love, love the one you’re with!» Eller for å skrive det om til den aktuelle situasjonen: Dersom det ikkje er nokre konsertar i by’n, gå på biblioteket! Det har eg gjord mange gonger denne hausten. Og personalet lagar støtt eit lite «teaser-bord» med aktuelle bøker. Så ut på hausten vart det sjølvsagt aktuelt med bøker om kva ein kan gjere med sesongens råvarer. Og eg fekk lånt meg «Søtt og salt i glass og krukke», om syltetøy og annan konservering. Oppskrifter og fine bilete. Kvifor har eg ikkje gjord noko slikt dei åra eg budde i Bergen? Tja, det var for mykje anna spanande som tok merksemda. På ein stad med gode tilbod av alle slag er det lett å gløyme å vere kreativ. Det er så mange andre som tek seg av den biten.
Det har vorte plukka ein del lokale tyttebær og blåbær og frysen har vorte utnytta maksimalt. Kona har teke seg av konserveringa av desse, medan eg har prøvd meg på importerte varer.
Det er aldri for seint. Hausten kjem kvart år..
Hm. Vi har ei som heiter Søtt og skarpt i glass og krukke. Kan det vere same boka vi snakkar om? Berre i ei anna utgåve, kanskje?
Hmm.. det var nok skarpt ja. My bad. Truleg same bok. Forfattar er Hilarie Walden.