Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for november 2005

Drivhusvin

Vi nordmenn tykjer det er deilig med sumar og sol. Men det kan verte i meste laget. Det kan nok dei som var på ferie i Sør-Europa i 2003 vere samde i. Det same tykte nok ein del av pinot noir-druene i Bourgogne. Denne druetypen likar seg best i litt kjølige områder og gjev for høge temperaturar ein vin som har eit kokt preg. Det er skuffande å betale hundrevis av kroner for noko som luktar ihjelkokt grønsaksblanding. I Oregon i USA har vindyrkarar fått merke den globale oppvarminga. Det som for 20 år sidan var eit godt pinotområde, er no vorte for varmt.

Pinot noir er ei prinsesse, ikkje eit monster. Ein feminin vin. An iron fist in a velvet glove. Kjært barn har mange namn. Alt for mange, hevdar kanskje dei som strevar litt med å finne fram i appelasjonssytemet i Bourgogne. Men skulle du vere så heldig at du finn ei uimotståeleg flaske, til dømes Chambolle-Musigny frå Mugnier, så hugs at om 50 år er det kan hende for varmt for pinot noir i Frankrike. Og den dyraste flaska kjem frå Balestrand!

Read Full Post »

« Newer Posts