Boka «MOMO eller kampen om tiden» (Michael Ende, 1973) gav meg ei stor lesaroppleving i min barndom. Eg har seinare vore på jakt etter å skaffe meg eit eks av denne boka, slik at eg kunne lese henne på nytt. Ho er også ei fin referanse i debattar om tidsklemma, konkurransesamfunnet og materialismen. Eg har ikkje lukkast å finne ho før eg i dag var innom biblioteket her i Hammerfest. I gangen har dei ei hylle med kasserte bøker for sal. No var det kome nokre nye bøker der, og eg la merkje til «Otter 3-2 kaller» og Blå 2 hopp ut, som eg las som liten. Og litt lenger ned var det forsyne meg 2 eksemplar av Momo! Så då fekk eg meg boka i mine draumar for 10 kroner!
Det skulle berre ta litt tid..
Eg skjønar så absolutt kva du meiner! Dei to titlane frå Leif Hamre sin produksjon kan til og med eg hugse frå min barndom…….
Boka om MOMO har eg diverre ikkje lese, så der har eg gått glipp av viktig livsfilosofi. Men betre seint enn ti tommeltottar på taket…………….