Kor tid byrjar førebuinga til eit måltid? Det kjem an på kor svolten du er. Har du tilstrekkeleg med næring for tarmtottane kan ein diskutere dette spørsmålet filosofisk. Er du derimot så svolten at du finn deg sjølv på nederste trinn i Maslovs behovspyramide – behovet for å overleve – ja då vert ikkje tid til filosofi før du har fått «stappa noko i haue», som dei seier her nord.
Focaccia før forretten. Eit brød som vart oppfunne i Italia for mange hundre år sidan.
Eg byrja litt med den praktiske førebuinga på tysdag. Då laga eg moltegeléen som var i desserten. Men dagen før hadde eg teke moltene ut av frysen. Og moltene dei vart plukka for 3 månader sidan. Haren til hovudretten hadde Thomas skote tidlegare i haust.
Vi drakk naturlegvis vin til maten. Til forretten (Sitrus- og nellikmarinert kyllingbrøst på tomatsalat og ruccula) var det Rüdesheim Estate Riesling 2004 frå Georg Breuer. Denne vart tinga på polet for eit par veker sidan. Druene vart plukka og pressa for eit år sidan. Firmaet Georg Breuer vart oppretta i 1880. Men rieslingdruer vart planta i Rüdesheim av Benediktinermunkar allereie for 700 år sidan. Crozes-Hermitage 1998 har lagt i kjellaren i fem år, før flaska no kom på bordet til hare og viltsaus.
Jeger Thomas med byttet.
Sjokoladesylinder med moltekjerne på molter i muscouvadosukker og urtesaus.
Dette ser så godt ut at ein mat-analfabet får så mykje vatn i munnen at han held på å bli kvalt , og tarmtottane står som hesjestaur!
(Me skal ha pizza Grandiosa i kveld)!
..og jeg var blandt de heldige som fekk denne næringa for mine tarmtottar.. føler meg priviligert! for en unik gastronomisk opplevelse!
Igjen: takk for maten!;)
anette