Ok
Etter å ha kome meg over det skuffande faktum at dei ikkje har skaffa til vegs nokre flasker Beaujolais Nouveau på dagen her i byn, så vart eg straks litt gladare då eg var innom den vel utbreidde søkjemotoren Google.
«Ikkje så vanskeleg å gle den karen!»
Det har seg slik at eg av og til søkjer på internett etter matoppskrifter. Eg ønskte å finne ut om det stod noko om friterte bananflak. Dette er noko som kan nyttast som pynt på dessertar.
«Javel du?»
Eg søkte difor på ordet bananflak. Og det var ingen treff på ordet bananflak!
«Ingen?»
Niks. Ingen treff på det gøyale og kostelege ordet bananflak! Har du sett. Men ikkje no lenger.
«Men dersom ingen andre skriv noko om bananflak, vil dette vere det einaste treffet på bananflak, eit sjølvrefererande treff.»
Jau. Og so?
No må du ikkje gå heilt bananas!
Du har verka litt «flaky» i det siste – har du funne oppskrifta på galskap?
DEI GALE HAR DET GODT! HA HA HA HA HA HA HA HA HA HA HA HA!!!