Ja no er det vorte vinter her i Hammerfest, og med det vert det litt lysare. Det har vore nokre fine dagar med litt blå himmel, nokre dottar med skyer og eit flott lys på fjorden og øyane rundt her som ligg og duppar i Sørøysundet med melisdryss på houvudet. Dette og andre fine scenarier vil bli og har vorte fanga på film, men i og med at eg ikkje har scanner og skyt på gamlemåten med Velvia og slikt, ja så tek det litt tid før det vert noko resultat å vise her på sida.
Det er no de skal sukke litt og seie nokre velvalde ord om fotografiapparat utstyrt med digitale lagringsmeduim.
Takk, det var fortent.
Vel, det ber vel den vegen for meg òg, men ikkje enno. Eg tvert i mot vore på jakt etter eit godt gamalt Cosina CX-2 (1)på både tysk og engelsk ebay ™, men det har ikkje lukkast meg å gå sigrande ut av ein auksjon. Enno.
Men det vil nok kome litt bilete på bloggen etter kvart. Det er mykje fint å knipse her nord, og då siktar eg ikkje til tablettar!
(1). Cosina CX-2 er eit japansk kompaktkamera frå tidleg åttital med moglegheit for montering av motor. Dette kameraet er inspirasjonen til det russiske kultkameraet Lomo LC-A.
Hei! Du har sikkert sett denne sida før:
http://www.geocities.com/wongyapkong/cxii
Sidan du leitar ette CX-2 kan du og søkje etter PORST: same kamera laga av Cosina for Porst. Ser at CX-2Ã nebrukar verte noko dyre når dei er i god stand og gjerne kjem i etui med blits og winder…jaja noko skal ein vel bruke pengane på! LEV VEL.
ja, såg ein porst til sals her ein dag. Lev vel.