Svenskane har vore aktive på sjokoladefeltet ei god stund. Det har dukka opp små konditori og produsentar av praliner og sjokoladekonfekt på kvart nes och ställe. Dei fleste av dei gode sjokolademerkene er også godt representerte hjå søta bror. No har dei også lansert eit sjokolademagasin med det frankofile namnet Journal Chocolat.
Bladet har 44 sider og har litt «dameblad»-aktig layout. Det er artiklar om svenske konditorar og ei jente som driv som konsulent i «Vin och Pralin». Det er reisetips frå London, Barcelona og Berlin, ein test av 8 sjokoladar frå Madagaskar og tips til vin til sjokolade.
Det er også lett inføring i korleis smake på sjokolade og temperering. Det er ganske mange annonsar, men dei er «relevante» for sjokoladeinteresserte.
Skal bli spanande å sjå om dei kan gå litt djupare i materien, når dei har gjort seg ferige med dei obligatoriske «damete» artiklane. Sjokoladefeltet er jo ikkje så stort, så dei er nøydde til å gjere seg flid etter kvart om dei ikkje skal resirkulere gamalt stoff.
Håpar dei held seg til sjokoladar med låg kakaoprosent, slik at dei framleis kan kallast Søta Bror, om ikkje blir det fort Beiske Bror, og då har vi det gåande igjen.
Du seier noko. Det hadde vore for gale i dette jubileumsåret for lausrivinga.
Hei! Kanskje du kunne «poste ein liten post» om korleis ein skal få tak i gromsjokolade her i landet. Eg åt ei plate med slik madagaskarsjokolade frå Lindt her i sommar (eg veit at det ikkje er ein god produsent) som smakte ganske bra, så eg skulle gjerne smakt skikkeleg vare, men treng hjelp. Fekk forresten polaroidfilm frå Sveits i dag. 14dgr, og har då vore opna og sjekka av Tullen. Så no har eg sendt ei ny bestilling på ein annan type film. Neste best til utlandet blir kanskje sjokolade…..
Ja den frå Lindt er ikkje så verst. Men han er eit godt stykkje frå toppen. Av madagaskarsjokolade er det vel Ampamakia og Manjari frå Valrhona og Madagascar frå Domori som er dei fremste.
Valrhona har dei på Søtt + Salt i Bergen, men det er Jacobs i Oslo som er importør. I Oslo har dei og Amedei på Assagio di Toscana i Pilestredet. I følgje rykter skal dei også byrje å selje Domori, som er vel den koolaste sjokolade i verda for tida. Domori har eit temmeleg stort sortement og ikkje alt er gull. I tilleg til reine sjokoladar for «reinheitsgebotsfanatische», finst det sjokolader med chili, krydder, te og ein fenomenal mjølkesjokolade med 40% kakao og havsalt!
På ein kaffi- og tebutikk i Bogstadveien vert det seld litt sjokolade frå Michel Cluizel og det er bra greier. Du kan jo ringje å høyre kven som er importør. Eg såg Cluizel for sal i Tromsø og, ein gong.
Elles er det I-shopen til http://www.Seventypercent.com og amerikanske http://www.chocosphere.com.
http://www.emmerys.dk sel Venezuelanske El Rey og eg kan kanskje klare å spore opp ein kar i Oslo som ein gong i tida hadde importlisens for amerikanske Guittard, som har ei rekkje spanande sjokolader
Takk for info, trudde ikkje det var råd å få tak i slikt her i byen, men no skal eg ta turen innom Søtt + Salt i ettermiddag.
Journal Chocolat er eit framifrå tidsskrift som viser at svenskane forstår mykje meir kva god sjokolade er enn vi her heime. Bladet presenterer sjokoladar frå kvalitetsprodusentar i fleire land, mange av desse sjokoladane får vi ikkje kjøpt i Norge. Men heldigvis kan vi abonnere på dette tidsskriftet slik at vi skjønar at vi bør ta oss ein Harry-tur for å kjøpe god sjokolade.