Eg kom meg over dørstokkmila her på tysdag, og fekk montert ein Sigma Sport sykkelcomputer på sykkelen. Dagen etter kunne eg lukkeleg følgje med på farten ned Klinkastupet mot Hammerfest sentrum, og eg kom akkurat opp i 60 km/t før det flata ut. Eg gler med til å ta ein tur opp på Tjuven og teste farten ned grusvegen. He he!
I går var vi med den lokale turgruppa på tur til Rickardvann i vakkert ver. Det vaka mykje i vatnet og eg fekk lyst til å ta opp att flugefiskinga.
Den olympiske ånd har innteke verdens nordlegaste by, forstår eg.
No manglar du berre eigenproduserte aurefluger som vart tilverka «Annu Dazumal»!
Takk for snella! Ho kom allereie på laurdag. Posten kan dersom dei berre vil. No må eg få lånt meg ei stang og kjøpt nokre fluger, så er eg i gang.
No ser me fram til ein eksklusiv auremiddag i oktober……..