Ein fin dag på jobb, men litt uvanleg. Var med ein gjeng som skulle ha oljevernberedskapsøving nord på Rolvsøy, med båten Maursund. Dei måtte også ha mat og eg hadde med store mengder fiskesuppe, brød og frukt pluss utstyr. Det vart mykje bering av og på ymse båtar før fiskesuppa kom på det rette kjøkenet. Men så var det plankekøyring og sol og fint på fjorden resten av dagen. Folket fekk suppe og brus mellom øktene og eg kunne slappe av på dekk med lett kokkeuniform i sola, medan oljevernsfolk drog på lenser og banna i varme kjeledressar.
Då eg kom attende vart det ein kopp kaffi med mine kollegaer, før eg kunne sykle heim i fint ver, men motvind. Og alle var samde om at det hadde vore ein gild tur.
Ja, dette hadde du neppe fått oppleve om du framleis hadde vore i Bergen.