På onsdag kjøpte vi oss ein bil. I dag ville vi ta ein tur med han. Som så mange andre her i Hammerfest, så reiste vi til Alta for å handle. Alta er handelssentrumet i Finnmark. Hammerfest har kanskje mest gass og dei dyraste husprisane, men det er ikkje mykje handel og vandel. Vi fekk med oss ein DVD-spelar, ein sykkelhjelm, eit par aviser og ei flaske Wehlener Sonnenuhr Kabinett 2004 frå Dr. Loosen. På vegen attende stoppa vi for å plukke molter på det vidgjetne Sennalandet.
«There is no such thing as a free lunch», er det visst noko som heiter. Slik er det også på vidda. Der er ein ikkje lenger øvst på næringskjeda. Der er det myggen som regjerer. Vi fekk med oss 381 gram molter. Det var om lag 100 stykker. Like mange som eg hadde myggstikk på høgrehanda…
Ved Kvalsund bru stoppa vi for å fiske. Det har vi hatt suksess med før, men i dag hadde vi konkurranse frå åtte-ti andre sportsfiskarar og ein trålar.
Vi fekk alikevel med oss seks fine sei som skal verte fiskekaker ein dag.
Ja, matauk er nyttig, og stundom morosamt, særskilt om ein får fangst..
No kan du ikkje sei at du ikkje fekk sei, heller.
det er litt artig å se bilde og lese historier fra Kvalsund og andre «barndomssteder» – selv om jeg fornekter det hele tiden er det liksom der jeg er ifra.. 🙂
[…] Eg byrja litt med den praktiske førebuinga på tysdag. Då laga eg moltegeléen som var i desserten. Men dagen før hadde eg teke moltene ut av frysen. Og moltene dei vart plukka for 3 månader sidan. Haren til hovudretten hadde Thomas skote tidlegare i haust. […]