Eg fekk altså lese ut tre bøker medan eg venta på flyttelasset. Farlig godt av Torgrim Eggen og Jan Omdahl er ei bok om gode råvarer frå heile verda. Til dømes Parmaskinke, trøfflar, vanilje, sjokolade, Roqefort, Chateau Yquem og gåselever. Ei bok som er litt dum å lese når ein er utan kjøkenremedier til å lage mat, og utan Riedelglas til å drikke vin frå. Ekstremt høgt og utrolig nært av Jonathan Safran Foer var slett ikkje verst, men levde kanskje ikkje heilt opp til dei bokmeldingane eg hadde lese. Dette er Cuba, alt annet er løgn var lærerik og eg fekk litt historietime sett frå denne øya borte i karibien. Det var interessant å sjå at også Noreg var med i spelet. Det er vel ikkje til å undrast over at når ein produserer våpen, så vert det av og til litt skit å spa.
Eg kan tilrå desse tre ulike bøkene for alle som er opptekne av litt ulike saker. Slik som livet er fullt av.
3 Bøker
august 5, 2005 av Håvard Flatland
eg kan og nemne at eg fekk lese ut «vest for solen, syd for grensen» av murakami. den var grei nok, men eg vonar at han har skrive betre bøker.
Uavhengig om du har bi-næring som hovudnæring eller bi-inntekt, eller berre likar honning, kan eg sterkt tilrå ei bok eg hadde som sommarlesnad: «Bienes hemmelige liv» av den amerikanske forfattaren Sue Monk Kidd. Rasemotsetnader i sør-statane ca. år 1960 som bakteppe, elles mest om eksistensielle tema som å kjenne sakn etter ei mor og å oppleve seg verdsett.
Held akkurat på med ei stor bok i dobbelforstand, ein murstein på 555 sider: «Beretninger om beskyttelse» av Fosnes Hansen. Fleire fengslande historier vevd saman.