Det kjem til å verte lite posting på bloggen dei neste 12-14 dagane. Kona og eg har mønstra på seglbåten «Morgenrøden» som vonaleg vil ta oss trygt til Trondheim. Kaptein Rolf Størkson er ein røynd skippar og har vore uti det som er av ver og vanskelegheiter langs den norske kyst. Vi set difor vår lit til hans sjømannsskap og så får vi hjelpe til når det skal revast eit segl eller to. Eg har teke med utstyr for fotografering og litt emulsjon frå Fuji, så det vert nok bilete etter kvart.
Ha tol!
God tur, håpar de slepp å mate krabbane kvar dag!