På gårsdagens smaking i Vitis Bergensis var det Mosel Riesling som var tema. Vi smakte 20 vinar, dei fleste var faktisk frå Saar og Ruwer. Topprangerte produsentar som Fritz Haag, von Schubert og ei nytt stjerne, Daniel Vollenweider. Her kjem nokre bilete frå Moseldalen, tekne i sommar då kona og eg var innom der på interrail.
Vi starta smakinga med tre vinar frå sveitsaren Daniel Vollenweider. Han har kjøpt seg eit hektar i den tidlegare høgt verdsette vinmarka Wolfer Goldgrube. Ho ligg ein «sving» nedanfor ÃŻrziger Würtsgarten, for dei som er lokalkjende..
Her ser vi den åtte kilometer lange vinveggen frå Bernkastel til Zeltingen. Vi sykla ein tur og trakka på oppover Wehlener Sonnenuhr og Graacher Himmelreich. Det var ganske bratt.
Og så kom vi ned i Tysklands mest berømte vinmark; Doctor. Nedanfor ser vi byen Bernkastel.
Her er eit par bilete frå Winningen i nedre deler av Mosel, rett før elva renn inn i Rhinen. Her Heymann-Löwenstein sjef og lagar tørre Rieslingvinar frå bratte terraserte skråningar.
Vinmarkene han hentar druene sine frå heiter Uhlen og Röttgen.
Vi smakte også nokre vinar frå Dr. Loosen, mellom anna frå ÃŻrziger Würtzgarten.
Dette er ein av dei varmaste vinmarkene i Mosel.
Berre slått at Erdener Prælat.
Vi smakte også ein vin frå Erdener Treppchen, som det er bilete av her.
Til slutt eit bilete av «vinveggen» i kveldslys, teke frå borga over byen Bernkastel.
Legg att eit svar