Hald dykk fast: Eg har søkt på universitetet! Ja, eg har faktisk søkt på tre universitet. Oslo, Bergen og Tromsø. Hausten er altså litt uviss, men det kan tyde på at me tek eit år i eksil. Og eg ser då på andre moglegheiter enn å halde fram med å vere proletar. Ettersom eg ikkje har «artium», har eg søkt meg inn på «realkompetanse». Så får vi sjå om ein seksar i gym frå yrkisen og seks år med kakebaking gjer meg dugande til å fordjupe meg i medievitskap, fransk eller lit.vit.
Shock shock horror horror, shock shock horror!
april 2, 2005 av Håvard Flatland
Posta under Tant og fjas | 8 kommentarar
8 kommentarar
Legg att svar til Fattern Avbryt svar
-
Arkiv
- januar 2012 (4)
- desember 2011 (2)
- november 2011 (2)
- oktober 2011 (1)
- september 2011 (6)
- august 2011 (4)
- juli 2011 (1)
- juni 2011 (3)
- mai 2011 (4)
- april 2011 (2)
- mars 2011 (1)
- februar 2011 (1)
- januar 2011 (3)
- desember 2010 (1)
- november 2010 (1)
- oktober 2010 (5)
- september 2010 (5)
- august 2010 (2)
- juli 2010 (2)
- juni 2010 (1)
- mai 2010 (3)
- april 2010 (1)
- mars 2010 (2)
- februar 2010 (2)
- januar 2010 (3)
- desember 2009 (4)
- november 2009 (4)
- oktober 2009 (3)
- september 2009 (2)
- august 2009 (2)
- juli 2009 (2)
- juni 2009 (2)
- mai 2009 (1)
- april 2009 (4)
- mars 2009 (1)
- februar 2009 (3)
- januar 2009 (5)
- desember 2008 (2)
- november 2008 (2)
- oktober 2008 (2)
- september 2008 (3)
- august 2008 (1)
- juli 2008 (7)
- juni 2008 (3)
- mai 2008 (5)
- april 2008 (2)
- mars 2008 (3)
- februar 2008 (7)
- januar 2008 (6)
- desember 2007 (5)
- november 2007 (8)
- oktober 2007 (1)
- september 2007 (2)
- august 2007 (3)
- juli 2007 (3)
- juni 2007 (5)
- mai 2007 (3)
- april 2007 (7)
- mars 2007 (4)
- februar 2007 (4)
- januar 2007 (11)
- desember 2006 (13)
- november 2006 (7)
- oktober 2006 (7)
- september 2006 (6)
- august 2006 (6)
- juli 2006 (9)
- juni 2006 (5)
- mai 2006 (7)
- april 2006 (10)
- mars 2006 (12)
- februar 2006 (9)
- januar 2006 (10)
- desember 2005 (13)
- november 2005 (11)
- oktober 2005 (8)
- september 2005 (8)
- august 2005 (8)
- juli 2005 (4)
- juni 2005 (2)
- mai 2005 (7)
- april 2005 (7)
- mars 2005 (6)
- februar 2005 (3)
- januar 2005 (9)
- desember 2004 (8)
- november 2004 (15)
- oktober 2004 (20)
-
kategoriar
- Bøker (33)
- Bli steinrik i ein fei!! (23)
- EDB Solutions (19)
- Film (13)
- Fotball og bilkøyring (9)
- Fotografert (111)
- Gastronomi (82)
- In vino veritas (58)
- Lettbeint tylen og i høg fart nedover (7)
- Musikk (24)
- Observert og klypt (7)
- Observert og klypt (43)
- Samfunn (135)
- Tant og fjas (279)
- Uncategorized (9)
-
Sider
Ein gong proletar, alltid proletar, som eg brukar å seie. Eg ser du allereie er fortruleg med slike forkortingar som ein brukar på hist. fil. Du gløymde derimot ei samf. vit.-forkorting, nemleg med. vit. eller evt. medvit. Skal du studere med. vit. kan det nok vere på sin plass med medvit eller i det minste vit. Eg trur du har tilstrekkeleg av båe to (ja, om det då går å ha «litt» eller «mykje» medvit), så det går nok bra. Verre trur eg det kjem til å gå med mine portvins- og sjokoladekunnskapar dersom du skulle finne på å miste (med-)vitet og dra i eksil.
Eg trur at dersom eit fag med namn utviklingsvitskap, kva no det kan vere, ikkje hadde fått forkorting. U. vit. tek seg i alle høve ikkje ut.
Andre forkortingar ein ør kjenne til før ein startar på universitetet: Sos. ant., cand. mag., mag. art., cand. odont., cand. philol., dr. philos., ex. phil., ped., prof. em., vit. ass., stud. ass.
Eller kanskje du skulle, i pakt med ein kjend filosof «tilbake til naturen» og bli bonde? Då måtte du sjølvsagt bli stud. jur. Mjølkekvote let seg vel gjera å få tak i for ein billig penge! Du kan jo frista med litt eksklusiv sjokolade og ein skvett edle dropar i glaset………
Nei, denslags småbruksromantisering er eg for ung til enno. Me får sjå når eg vert 35 og er 70% trendanalytikar og 30% bonde på eit fancy småbruk ein knapp times køyring med XC70-en unna Oslo.
Håvard!
Vi kan godt bytte. Eg har relativt sett eit år igjen av ein såkalla mastergrad i samfunnsøkonomi. Dersom du tek plassen min, er det ingen som vil sakne meg på instituttet.
Eg på mi side har lang erfaring i å ete kaker, dessutan så elskar eg radio 1 så overgangen skulle ikkje bli uoverkommeleg for meg.
Vel Vidar, no det mest P4 det går i, men om det er greit så kan du ta over frå 15. juli.
Om du blir trendanalytikar skal eg ete den svart designerpologenseren min. Elles ør du konsentrere deg om å ta lappen – som no kostar litt meir enn eit småbruk – før du vurderer ein XC70.
Du finn vel meg på eit PPT-kontor i distrikta ein stad. Ajaj.
Du kan få vere konseptkosmonaut i trendbyrået mitt: Tiger Trend! Vi skal mose ideastronautane i Stigogstein.
Ja det skal vi!