Eg har ved reising og litt detektivarbeid funne ganske mykje god sjokolade rundt omkring i Europa. No har eg laga ein «meny», og han inneheld om lag 70 ulike mørke sjokoladar med kakaoprosent frå 60-100%. Dei som trur dei har meir, kan stille seg i kø utanfor døra mi. Eller forresten, dei kan berre kome inn. Vi har truleg noko å prate om.
.. om det skulle vere den minste flik av tvil att; sjokolade er greia mi
april 2, 2005 av Håvard Flatland
Eg har sett lista, og prøvd fleire av dei eksklusive sjokolademerka. Mykje å smatta på for ein søtmons, og mange har ein god ettersmak.
No driv du reklame for juridisk lovleg «organisert kriminalitet». Hugsar du ikkje vi snakka om kakaoøndene i påssjene?
Kakaoøndene skjønar nok snart at dei vil tene meir på øko narko til max havelar.
Max Havelar, dei har ein mørk 70%+ sak (Nero, trur eg den heiter) som er nesten umogleg å få tak i. Og det trass i at eg ser ein Helios-butikk frå vindauget der eg sit akkurat no – som forhandlar nett denne sjokoladen. «Vi får den inn i morra» har dei sagt i eit par veker.
Noko heilt anna; H, kva har skjedd med postveginga di? Det er liksom noko som manglar.