Var ein tur på Langeland (1) saman med vener i dag. Gjekk nokre hundre meter på ski. Laga basecamp med bål og grilling i nærleiken av ein fin bakke. Der bygde vi hopp og hoppa om lag ni meter (2) til 16, 16 og 16,5 i stil. I hoppa ikkje, då ho i fjor påske skada seg på Utviken (3), og måtte sjå lengje etter å prøve dei nye skia sine. F hoppa tre måteleg bra hopp, medan K og eg kiva om pallplaseringane. Vi hoppa beggje om lag like langt, men eg stod oftare enn K. A festa sportsaktivitetane til eit digitalt lagringsmedium. Då vi var vel innrøykte og mette av hopping og pølser, skøyta vi nøgde heim (4).
1. Populært skiområde for Førdefolk i Gaular kommune.
2. Lengda vart som sedvana er i hopping i skilengder. Vi nytta A sine ski som var om lag 203 lange.
3. Utvikfjellet. Populært skiområde for Vengenfolk i Gloppen kommune.
4. Strengt teke ikkje heilt heim, men til bilen på parkeringsplassen.
Flyplassen kan dei få, men Langeland? …. Aldri.