Etter påske kjem våren og det er på høg tid å gjere noko med sykkelen. Sidan eg brukar sykkelen til arbeid kvar dag året igjennom, vert det relativt mykje slitasje på doningen. Med litt meir jevnleg smøring og vask kunne eg kanskje sloppe litt billegare no når vårpussen skal gjerast. Men eg har vore slepphendt. Det ser dårleg ut. Her kjem lista over ting som må gjerast for at sykkelen skal eigne seg til meir enn transport til og frå jobb.
– Vask. Hugsar ikkje sist eg gjorde dette.
– Skifte strømper og virar til frambremsa og framgiret.
– Justere frambremsen (skive) evt. kjøpe ny kloss.
– Justere bakgiret.
– Skifte framskiftar. Dette er eg usikker på og må kanskje leggje tenesta ut på anbod til ein sykkelbutikk. Evt. få kjøpt meg ein rimeleg skiftar frå Fast Bikes i Oslo og prøve sjølv.
– Feste framskjerm. Evt. Kjøpe ny. Den eg har no er laus og litt knekt.
– Byte bakdekk. Dette er ikkje naudsynt, men eg har lyst å setje på eit dekk som eg kjøpte på sal i haust.
– Byte kjede.
– «Blø» skivebremsa bak, og kutte av om lag ti centimeter bremseslange.
Dersom eg klarer dette innan J spør om eg skal vere med på sykkeltur til Rundemannen, skal eg kjøpe ein flaske portvin som løn for strevet.
Legg att eit svar