For dei som ikkje kjenner meg så godt, eg likar sjokolade. Etterkvart har denne lidenskapen vorte noko litt utover Freia og Nidar. Eg likar godt mørke sjokoladar med kakaoprosent frå om lag 60 og opp til 100. Eg har tileigna meg etter måten mykje kunnskap om emnet. Til dags dato har eg smakt dei fleste av merka som er noko å rekne med i The World of Fine Chocolates. Men det er framleis nokre eg ikkje har fått prøvd. Her kjem lista.
*Santander (Colombia)
*Hawaiian Vintage Chocolate (USA)
*Guittard (USA)
*Weiss (Frankrike)
*Max Felchlin (Sveits)
*Leysieffers (Tyskland) (!)
*Bernachon (Frankrike)
Av desse har eg mest trua på Felchlin frå Sveits og Guittard. Sistnemde er eit stort merke for konditorar og kokkar i USA. Bernachon er eg usikker på om lagar sjokoladeplater i det heile. Truleg er det mest konfekt. Men han er ein vidgjeten læremeister for andre sjokolademakarar i Europa.
Hadde med ei plate mørk sjokolade i sekken på skituren i dag, innkjøpt på MEGA, av typen Brut. Raudt merke med ein kvit elefant, og namnet «Cote d’Or».
86 % kakao. God var han i alle høve!