Eg rotar litt i systemet mitt og finn fram gamle notat med veging av posten. Det viser seg at den systematiske veginga byrja 1. september 2003. Grunnen til at eg byrja med denne noko aparte hobbyen var at eg ein dag (1) fekk skikkeleg mykje post og eg vart nysjerrig på kor mykje dette kunne vere. Så vog eg posten, men vog ikkje meir før eg ein annan dag (2) fekk relativt sett mykje post att, og eg lurte då på om dette var rekord. Men så vart eg av A sett på tanken om å halde fram med litt meir systematisk veging og notering.
Eg vil no sei litt om metoden, og et er lov å kritisere, men eg trur likevel eg kjem til å halde fram som før. Er ganske pragmatisk og bedagelig.
-Veginga føregår på ei Phillips kjøkenvekt, som for tida går på eit 9 volts Varta batteri. Vekta måler med 1 grams nøyaktigheit og kan vege opp til 5 kilo.
-Med begrepet post så inngår følgjande:
1.Det som kjem i postkassa, (til beggje bebuarar) dette inkluderer rundskriv frå burettslaget som ikkje er send med posten, men putta oppi av bebuarar i burettslaget.
2. Post som er for stor til at han kan puttast i postkassen, og difor må hentast på postkontoret/mixkiosken. Merk: her vert ikkje posthentelappen som ligg i postkassa vegen, med mindre posten vert henta etter posten/mixkiosken er stengd. For opningstidene for Mixkiosken med post på Møhlenpris, sjå Mix sine nettsider.
3. Posten vert vegen med all emballasje som han vert send i.
4. Aviser og tidsskrift som vert distribuert av Posten.
-Det som ikkje vert vurdert og vege som post er:
1.Post som er ikkje er til oss, men har hamna i vår postkasse. Denne vert putta i riktig postkasse dersom posten er til nokon andre i burettslaget. Dersom posten er til andre, vert han retunert til Posten.
2. Aviser som kjem med avisbod og vert lagd på dørmatta. (Eller i allefall i nærleiken av døra vår).
-Posten vert vegen  som han er». Det vil seie at om han skulle tileigne seg større vekt på vegen frå postkassa og leiligheiten vår (5 etasjar), frå til dømes luftfukt, slev, sveitte, snott eller tårer, så vert han vegen utan omsyn til  unaturlegâ€? vektauke. Dette trur eg sjeldan har nokon effekt over 1-2 gram.
-Vi har av og til opphalde oss utanfor heimen fleire dagar i strekk, til dømes ferie, og då vert veginga ikkje like nøyaktig som ellers. Eg har av og til  fordeltâ€? posten over fleire dagar, av di eg veit at posten er relativt godt fordelt på vekedagane. Grunnen til dette er at eitt av delmåla med veging av posten er å summere opp for kvar veke, månad og år, ikkje berre kvar dag. Dette for å sjå tendensar i utviklinga. Vi var vekke i tre veker i sumar og då skulle K ta inn post og vatne blomar. Her vart det for lang tid å  fordeleâ€? posten over, slik at eg tok ei avgjerd på å ikkje vege denne posten. Dette angrar eg litt på no, men gjort er gjort.
Notar:
1. 14.03.03 1106 gram post. (883 gram var vår post, medan resten var feilsending)
2. 28.03.03 1072 gram post.
Denne artikkelen vart publisert fyrste gong på Jubeltelegrafen 10. september 2004.
Ein plass i Guinness Book of Records for snåle hobbyar skulle snart vere innan rekkevidde……………