Etter mykje om og litt men, har vi no vorte 13 som skal innta litt mat og drykk i vår ringe heim i kveld. Det vert servert ein liten «best of»-meny. Det vert tilrådd øl, manzanilla eller fino sherry, eller ein lett raudvin.
Proletaren har og bakt ei kake med eksperimentelt innhald. Det ryktast at Trude også har bakt..
Vel møtt til dei innbydde.
Hei, og god jul!
Det vart altså ingen bergenstur på oss denne nyårsaftan, men håpar alle 13 får ein triveleg kveld…du må helse dei alle godt nytt år! Vi skal vere heime hjå Ingeborg og ha ei roleg feiring, det kjem sikkert litt folk og så får vi sjå kva vi finn på utover natta! Vi snakkast til veka. Godt nytt år!
Takk for igår! Eg vil berre takke og reklamere litt for det fabelaktige måltidet igår! Bjuutifull avslutning på året!
Hei H., no er det jul igjen. Ville berre takke, bukke og spørje om det vart att nokre restar 😉 Mykje god mat og mykje godt selskap. A (nett oppe).
litt restar er det. men ver rask..
No er det vel knapt nok smular igjen (- på den rike sitt bord?)