Ordet i dag er Shea Butter, eller berre shea. Kva er shea? Eg såg at handsåpa vi hadde på badet inneheld Shea Butter, eller Shea smør som det stod i den svenske vaskesettelen. Det er bilete av noko som liknar på hasselnøtter på såpeflaska, men trur ikkje det er det det er. Sjekka alle engelskordøkene vi hadde, men shea stod ikkje i nokon av dei. Etter litt søking på google fann eg at West African Trading Company spesialiserte seg i black soap, shea og afrikanske trommer. Shea var bra for det meste; avslappande for musklar, mjukar opp hud, bra for tørt hår, til hjelp mot influensa, mot UV-strålar, lækjer små sår og ein del anna. Det stod derimot ingen ting om kva shea er for noko eller kvar det kjem frå. Dei har til og med ei FAQ-side der eit spørsmål er; What is shea butter? Men i svaret står det berre om dei helsemesigge føremonene.
Etter meir leiting finn eg at shea er feitt frå nøtter frå planten (treet) Sapotaceae Butyrospermum parkii.
Ja godtfolk, no veit vi det.
Fekk forresten eit blad i posten frå Sverige i dag. Journal Chocolat. Det var berre eit gratis prøvenummer, men det kan vere interresant å sjå kva dei kan få til. Det skal berre kome to nummer i året, og nokre nyhendebrev. Mange gode sjokoladeprodusentar hadde reklame i i bladet. Hadde vore kjekt om ein kunne fått til noko liknande i Noreg. Vi ligg diverre eit stykke bak svenskane på dette feltet.
Tenk at det finst så mange NYTTIGE opplysningar om så UNYTTIGE ting!