Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for november 2004

Fridag med atterhald

Sov heilt til 1030 i dag, noko som er temmelg lenge for min del. Var på Motorsykkeldagøkene i går. Fin film. Kanskje litt langdryg. I dag har eg altså fri, men kona har sett opp ei lang liste med saker eg skal ordne, så den store fridagskjensla let vente på seg. Eg må ringje til tannlegen. Hadde ein muntleg avtale då eg var innom i juni om at eg skulle kome att i august for litt fotografering og tannsteinsprengjing. Skulle også oppsøkt fastlegen min for fyrste gong for nokre kviseliknanade greier på beina som ikkje går over. Nuvel, nok om den kranke kropp. Skal også pante flasker, male lister og fikse ein sykkel.

Klokka er allereie eitt!
Til arbeid.

Read Full Post »

For dei som les Bergens Tidene på laurdagar, så har dei sikkert sett at det er ein ny og relativt enkel måte å få seg fem flaxlodd. Du må sende inn liste med trivialitetar til Atle Nielsen. Dei som kjem på trykk får flaxlodd. Dei som følgjer godt med har kanskje sett at far min har vore med tre gonger. Tre gonger! Far min er adjunkt med opprykk og trebornsfar og fullt mogleg å slå. Så send inn.

Elles er eg framleis frisk sjølv om eg har drukke vatn. Kanskje verda stend te påske, eller nokon har godt immunforsvar.

Read Full Post »

I dag såg eg..

På veg til butikken møtte eg eit tvillingpar på veg dit ein får kjøpe fargerike pastillar. Dei var ikkje likt kledd, men dei såg like slitne ut beggje to.

Elles var eg på polet og fekk den nye tingingslista. Og der var det mykje spanande for ein kar som meg som likar nord-Rhone. Cote Rotie frå Pierre Gaillard. Clape er ute med 2002 Cornas Renaissance og Cornas 2000. Belle far og søner kjem endeleg med Hermitage 1999 etter å ha hatt Crozes i lista i mange år. Men mest spanande er Hermitage frå Vins de Vienne. Dette er tre karar (Cuilleron, Gaillard og Villard) som driv litt kvar for seg, men som her har gått saman for å lage vin frå stader dei ikkje har gjort før. Dei har også ein vin som heiter Sotanum 2002 frå ein for meg ukjend appellasjon i Rhonedalen.

Ah.. det er helg.

Read Full Post »

Bush er truleg klar for fire nye år med terrorisering av fattige og uskuldige menneske i eit land langt borte og utarming av sitt eige land. Dei rike og mektige kan sjå fram til gode tider for seg og sine. Tre gonger tre hurra.

Read Full Post »

Biroller

Var på kino på laurdag og såg den romantiske bablefilmen «Før solnedgang». Det var visst ein oppfølgar til ein film som kom for ni år sidan. Meir info kan de finne ved å google litt, eller sjå kinoen sine nettsider. Det eg ville bidra med, var at eg såg ein norsk kjendis i filmen. I allefall var det ein som var klin lik Karl Petter Løken, som sat ved eit kafebord i byrjinga av filmen.

Elles har eg i dag forsøkt å tinge nokre spelsialimporterte vinar frå Moestue Grape Selection, så får vi sjå om det går i gjennom.

Read Full Post »

« Newer Posts