Var på tidleg kino og såg Ungdomens råskap. Hadde seinare ei fin totimarsøkt på mørkerommet der eg fekk laga 13 bilete. Hadde med Afrikaradioen og høyrde på Harald Are Lund. Vart inspirert av A som var innom i går og laga nokre portrett med kant i 24×30. Så eg fann fram ymse portrett som eg har teke. Det vart bra. Nesten alle vart vellukka!
Her er eit av bileta eg laga. Leiv Otto i Brighton, England. Minolta CLE, Voigtlander 21/4, Ilford Delta 100
Joda, det var verkeleg zen-haust-stemning på mørkerommet sundag – har verkeleg fått trua på Delta 100 og truleg òg Delta 400. Kostar diverre ein del pengar i Bergen – fann beggje til 29,- på nettet – lurer på å tinge ein God Del(TM).
Lurer på om Delta 400 kan pushast i D76 til 800, eller meir i Diafine, då snakkar vi!
Eg må gjere merksam på at desse bileta er skanna frå negativ og konvertert til jpg-format. Kopiane eg laga på mørkerommet mandag og onsdag viser at eg eg flinkare til stopp og fix enn bits og bytes.