Hvilken dag er det i dag? Hvilken dag er det i dag? Er det den tredje torsdagen i november? Ja! Kva betyr det, spør du kanskje? Jo no er Beaujolais Nouveau 2004 komen! For dei uinnvidde så er det vin vi snakkar om her, ung og kjip raudvin.
Har vore og kjøpt ei flaske frå George Duboef til 94 kroner. Det er lite vin for penga. Men det er no ein tradisjon. Tippar at Alain sit og klukkar nedpå ei flaske i Oslo no. Men Beaujolais Nouveau er altså raudvin laga av drua gamay i Beaujolais heilt sør i Bourgogne, nord for Lyon i Frankrike. Vinen vart kjend under krigen, då motstandsfolk, stundentar og intellektuelle drakk denne årets vin. Seinare utvikla det seg til ein mote. Lengje var det ikkje lov å selje vinen før 15. november, slik at sjåførar som skulle bringe vinen til ulike kafear kunne fortelje røvarhistorier om ferjer dei rakk og fartsgrenser som vart overskridne i iveren etter å få levert vinen i tide. No er det tredje torsdagen i november som er fyrste lovlege salsdag. Det vert laga om lag 100 millionar flasker i året.
Den er frisk og nesten perlande med ein tutch av banan.
Sit her med eit glas fersk Trenel ( kr99,90)Beaujolais Nouveau. Bringebær og banan, mest bringebær. Lett og fin, men ikkje det heilt store sjølvsagt…. Skål!
Quanta costa?
Sit her med eit krus kaffi, av typen Friele, truleg kjøpt billeg i eit latinamerikansk land, og med god avanse for Borgarmeisteren himself. Kruset har logoen til Utdanningsforbundet.