Så har altså A utfordra far og son Flatland til slektskapeleg dyst om å bli Familiens Listemaster Par Exellance(tm) i Bergens Tidenes laurdagsmagasin. Fyrstemann til tre publiserte lister vinn heider, ære og vonaleg mykje peng på lova Flax-lodd. (1) No er det opp til Atle Nielsen og vår kunnskap og kreativitet. Eg kjem til å tape stort. Må den beste vinne.
(1) I Magasinet i BT laurdag 16. oktober står det at ; Lister som trykkes blir belønnet med fem Flax-lodd.
Fattern som allereis har fått publisert lister (oo så flink..) har enno ikkje motteke noko Flax-lodd..
Hm..
Ah, hansken er kasta, tatt opp igjen og kasta på nytt.
Til fam. Flatland: Det er ikkje alle sitt lodd i livet å ha flax.
HURRA! 2 x 5 Flax-lodd (= 10 Flax-lodd) er no mottekne. Resultat: 50,- kroner. Det skulle bli 5,- kr. pr. lodd i utbyte. Ikkje verst for ein som elles aldri kjøper slike freistingar (- og ikkje så mange andre freistingar heller, må vita!).
Elles er det ei STOR og uventa overrasking at sonen er så smålåten når det gjeld vinnarsjansane mot sitt opphav…..Kanskje det berre er ein slags taktikk?

Elles er det ei STOR og uventa overrasking at sonen er så smålåten når det gjeld vinnarsjansane mot sitt opphav….. taktikk?
Tja, er det taktikk å leggje inn ein kommentar tre gonger? Styggje knep allereie før me e i gong med tevlinga.
Dersom eg taper kjem eg til å gå rett til Haag med dette.
Dette kan bli ei morosam sak å følgje…..kven kjem først i avisa…kjem det noko allereie på laurdag? Kven scorar det viktige førstemålet? hmm…må nesten kjøpe BT laurdag!
Ein skal aldri sei aldri sei aldri!
Tredje gongen er mark, seier eit gamalt ord. Eit uhell kjem sjeldan åleine.
Uff, då! Vert eg stemna for Haag-domstolen må eg vel sjå meg ut ein bra advokat. Anders Folkman, kanskje? Vi var til Beijing saman ein gong. I sumar veksla eg eit par ord med han i forbifarten iført badebukse ved Langelandsvatnet.
Hm.. Eg kjenner vel ingen advokatar, i allefall er me ikkje så close at me kan prate saman berre iført badebukse. Eit par juristar derimot..
Nuvel, me får tru at det ikkje går so langt. Kanskje me kan kome til eit forlik.
Ja, la oss vone det!
«And the winner is…..»