Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for oktober 2004

Vakna ti minutt foer frukostserveringa stengde, og maatte skunde meg ned til den nitriste frukosten. Den var trass alt inkludert i prisen. Stakk ut og gjekk litt rundt i Hyde Park. Knipsa og lytta til ulike synspunkt paa Speakers Corner. Det var mest kristne forkynnarar og sosialistar. Bra det. Hoeyrde nokre nordmenn som handla korv i ein kiosk i parken. Var innom digre Selfridges. Gjekk til Fortnum and Mason og kjoepte sjokolade. Fekk endeleg tak i Pralus. Det vart Madagaskar, Java og ein som heiter Fortissimo med 80% kakaoinnhald. Dei hadde ein del bra Tokajivinar, men det vart for dyrt. Pengane flyg. Maa finne korleis eg skal kome meg til ein stad aust i London som ikkje er med paa kartet i den daarlege guiden eg kjopte i Bergen. Der vert det chill out med sjokoladegutta. Steve vert truleg full. Igjen. Eg har teke tre og ein halv film. Delta 100, Scala 200 og Elitechrome 100 Extra Color. Trudde ikkje det skulle verte saa mykje, men Brighton var fint.

Read Full Post »

Om aa skaffe seg mat

Eg var ikkje saa troeytt, saa eg lurte paa kva eg skulle finne paa. Klokka var 23. Eg oppdaga att eg var svolten. Saa eg tok gjekk ut og byrja aa gaa i austleg retning. Hadde dette vore Oslo ville det truleg ha dukka opp ein seven-eleven etter to minutt. Men som det stod i London-guideboka eg hadde kjoept; The City er daud i helgene. Dette stemte saers godt med det eg opplevde. Ikkje ein einaste stad som selde noko etande. Eg gjekk og gjekk. Etter kvart maatte eg snu. Eg tok ei anna gate attende og fann ikkje tilbake. Eg gjekk no holsvolten paa maafaa og bestemte meg for at eg skulle kjoepe noko paa den fyrste og beste staden som dukka opp. Saa viser det seg at den fyrste plassen er KFC, og eg held fram. Eg vert gaaande bak eit par fulle finske jenter og vurderer om eg skal proeve meg paa nokre finske gloser. EG let vere. Eg er no inne i eit meir slitt stroek. Kjem over ein Texacostasjon rett foer eg fell om av svolt. Kjoeper Kjipe sandwicher, chips og jordbaervatn (1). Proever aa finne attende til St Pauls cathedral der eg bur, men maa konstatere at eg er lost. Tek litt buss og kjem til slutt heim.

(1) Jordbaervatn er soeta vatn med jordbaersmak fraa Frankrike

Read Full Post »

Brighton var ein fin by. Ligg ved kysten, kanalen den engelske. Veret var fint. Leiv og eg vandra rundt i omraadet som vert kalla the Lanes, trange gater med ein del alternative butikkar. Vi moette kusina til Leiv og aat middag paa ein italiensk stad som heitte FATleo. Seinare handla vi lager og vin. Oda hadde aaremaalsdag og hadde bede inn til fest paa studentbustaden. Det var meir enn 20 ulike nasjonalitetar innom. Nokre var blandings, til doemes ein svensk-brite med pakistansk bakgrunn. Det vart seint. Nokre gjekk etter kvart ned paa stranda, medan andre byrja aa prate drit om yrket mitt. I dag (laurdag) gjekk me ut paa Brighton Pier, der det ligg eit tivoli som har vore der svaert lenge. Nokre seier sidan 1800-talet. Litt gamaldags. Tok mange bilete i svart/kvitt. Tida vil vise om dei vert bra. Toga attende til London i firetida med noko som viste seg aa vere eit snigletog. Hadde ikkje noko med meg aa lese paa og i tillleg var magen full av kaffi. Ikkje bra. De som kjenner meg forstaar. Fekk meg eit nytt rom i herberget, med endaa fleire franskmenn. Eg prata litt fransk med dei og dei spelte elendig musikk (mp3) fraa ein berbar pc. Dei gav beskjed om att dei truleg kom til aa kome seint og stoeyande attende. Eg har med andre ord ei natt aa sjaa fram til. Reiste til Hampstead Theater der det var klart for Rum and Chocolat tasting. Bra greier, men ein del av dei som var der var vel lowbrow. Snakka litt med Martin etterpaa. Kjekt det. Han var sliten men noegd etter ei heil veke med opplegg. Ei av servitoerane ved teateret var faktisk pen, sjoelv om ho var engelsk. Eg kjoepte ei flaske av romen vi smakte. Svaert bra greier. Eg prata litt med ei av damene fraa romfirmaet, og tilraadde henne aa kontakte Moestue Grape Selection om import til Noreg. Vonar at den vil kome hit, for det var bra greier. Saa var altsaa Chocolat week pretty much over.

Read Full Post »

Vart moett at dr. Leiv paa stasjonen. Hadde sovna paa toget, og ei av reingjeringspersonalet maatte vekke meg og seie at toget ikkje gjekk lenger og at det var paa tide aa gaa av. Fint ver i Brighton i dag. Har helst paa japanske og truleg austeuropeiske hybelvenniner av Oda. Leiv og eg har traala byen og handla nokre plater (Beach Boys og Madonna). Eg handla og ein Bjork-EP (CD) for tvo pund. Kings of Conveniece spelte her i gaar. Vi har gaatt til ein internettkafe fordi Leiv skal sende ein viktig mail. Han har skrive den paa ein berbar PC paa hybelen og lagra han paa ein memory-stick. Alt dei faar til. England, og spesielt London er dyrt, men spraaket er greit. Nokre av dei pakistanskliknande jentene er fine.

Read Full Post »

Brighton neste

Sit no og proever aa faa tak i billett med Megabus til Brighton. Trur faktisk at eg heller vil ta toget. Faar finne ut kva det kostar, og evt. kome attende. Har handla vin. Paa Berry Bros & Rudd.

Read Full Post »

Ja, so har eg kome meg til storbyen, snakka engelsk, funne fram, svidd gryn og hatt det fint. I gaar var det fest og teater paa Hampstead Theater, kor Seventypercent.com har sin del av sjokoladeveka. Sjokoladefontene til dypping av frukt, ost og kjeks og sjokoladedrinkar. Festlig. Steve var full og Martin var glad. Tidligare paa dagen var eg innom L`artisan de chocolat og Piere Marcolini. Dei har ogsaa sine hendingar i samband med sjokoladeveka. Snakka med ein franskmann ved frukosten paa youth hostelet der eg bur. Han skulle proeve aa faa seg ein jobb i London innan business. Lukke til, sa eg til han. No set eg snart nasa mot Brighton, for aa vitje Leiv og Oda.

Read Full Post »

London calling

No står eg på farten til å reise til London. Kona held på å leggje opp ei bukse i siste liten, sekken er pakka, nista er smurd og no treng eg litt voks i håret slik at eg ikkje skræmer folket på Flesland.

I går hadde vi ein triveleg fårikålkveld med gjester, øl og litt akevitt.

Read Full Post »

Regnrekord

Det var i dag ei elv frå krysset Inndalsvegen/Bjørnsonsgate og til gamle Nygårdsbru. Dersom det skal halde fram som dette, vert eg nøydd til investere i skoovertrekk. No har eg nokre som er «innebygde» i regnbuksa, men desse er ikkje gode nok i slike vassmassar som det var i dag.

Elles hadde eg i dag fått seks nye e-postar, og det kom 53 gram post.

Var på tur med studentkyrkjelyden til Skjærgårdstunet på Askøy i helga. Her kjem eit bilete frå skogen.


Minolta CLE, Summicron 40/2, Provia F100 og litt blitz.

Read Full Post »

.. i dag såg eg

på veg heim gjennom gater og stred (øvregaten) såg eg ein bil som køyrde utan lys. kanskje ikkje så lurt klokka halv ni om ein stormfull haustkveld med glatt brustein. eg tenkte i det same på noko som eg har opplevd nokre gonger, og som er litt morosamt. synleg rusa narkomane som kanskje nett har gjort eit brekk, som høgrøysta gjer signal til ein bilførar at han ikkje har på lysa.

Read Full Post »

stakk ein tur bort til a, som i laupet av kun nokre små minutt sett opp rammeverket for denne vesle bloggen. me høyrde også musikk og skanna bilete. eg var grei og åt litt gamal chips som var att frå helga. a hadde som sedvanleg også liggjande sjokolade. han hadde ikkje fått kyssesjuka, eg var vår på føtene og burde snart ha barbert meg.

eg trur me kan seie at eg er i gong.

Read Full Post »

« Newer Posts